Velg bakgrunnsfarge:
Fra Døves Tidsskrift nr. 3, 6. februar 1998

Barn med CI - ikkje barn?

Vi har følgt debatten om Cochlea Implantat på born i Døves Tidsskrift. Tidsskrift nr. 25 hadde ein leiarartikkel med tittel «CI-opererte= stebarn blant døve?», der redaktøren har den konklusjon at foreldra gjennom sin handlemåte fråtek desse barna retten til å vere born.

Som foreldra til ein CI-operert gut og som har vore igjennom dette vanskelege valet som ein gjer, er vi takksame for dei synspunkt som Thorbjørn Johan Sander gjev uttrykk for i sitt innlegg i Døves Tidsskrift nr. 1 1998. Det er naturleg at debatt om, og synspunkt på CI kjem. Men vi skulle ynskje at synspunkt som mange gonger vert sett fram ikkje var så reservasjonslause, og helde fram som den einaste sanning. Ofte utan nok kunnskap til å underbyggje desse konklusjonane.

Det har vore og vert hevda, at ein CI operasjon er ei løysing for foreldre som ikkje vil lære seg TS. Dette meinar vi er ei grov nedvurdering av høyrande foreldre til døve barn.

Vi har enno til gode å møte foreldre til CI opererte born som ikkje gjer kva dei kan for å lære seg meir teiknspråk. Det er no ein gong slik at mulighetene for å lære seg TS ikkje har vore eller er like gode overalt i landet. For barn med CI vil førstespråket framleis vere TS. Eventuell tale-trening, går ikkje på bekostning av teiknspråk. Det vil vere snakk om eit både- og, istadenfor anten - eller. Uansett er dei døve barna nøydd til å forhalde seg til det høyrande samfunnet på godt og vondt.

Når det er snakk om at barn må få vere barn, så er dei det i høgste grad slik som vi opplever vårt barn. Påstandar har vore mange og bastante om kva dei ikkje har høve til å vere med på. Guten vår lever like aktivt som andre på same alder. Det er leik og moro, idrett og symjing. Einaste reservasjonen har vore fotball, men for han har ikkje det valda problem eller noko forsaking.

Så lenge barnet er glad og trivst, har barnet det godt slik vi opplever situasjonen. Eit barn med CI er framleis eit barn, og vert behandla som eit barn i alle situasjonar. CI har så langt ikkje gått på bekostning av livskvalitet!

Som foreldre tek vi heile tida større og mindre avgjerder som gjeld barn våre. Slik også når det gjeld ei avgjerd for eller imot CI-operasjon Bak ei slik avgjerd ligg det mange og vanskelege vurderingar - innhenting av informasjon og synspunkt frå ulike hald. Men til sist er det vi som foreldre som må ta ei vanskeleg avgjerd som uvilkårleg vil gripe sterkt inn i det framtidige liv til barnet vårt, på godt og vondt.

Når vi las setninga «CI- opererte = stebarn blant døve», måtte vi verkeleg lese dette ein gong til. Umiddelbart tenkte vi at det er dei vaksne sjølv som vil gjere vårt barn til stebarn p.g.a. noko vi som foreldre og føresett har gjort. Er dette ei form for skremselpropaganda retta mot foreldre som kanskje vurderer ein CI operasjon? Som foreldre ventar vi ikkje i alle samanhengar aksept for det vi gjer, men ein sakleg og tolerant diskusjon om eit kontroversielt emne som ein cochlea implantasjon er.

CI fungerer som som eit høyreapparat. Når ein tek det av, har ein ingen lydoppfattning. Er det slik å forstå at det er den delen som er operert inn, som gjer den store skilnaden frå ein vanleg «øyrehengar»?

Det er ein stor fordel å høyre orienteringslydar i det minste, og dette tek ein vare på hos alle med ein hørselrest. Så også hos barnet vårt. Vi ser kva nytte han har av lydane han høyrer

Vi fekk også ein gong spørsmålet om guten vår ikkje var «god nok» som han var. For oss var han, og er, ein gut vi er utruleg stolte av. Kan vi vere med å lette kvardagen for han, ja så gjer vi det. Han er den same aktive, positive og fornøgde guten no som før operasjonen

Når barnet vårt er på kortidsopphald ved kompetansesenteret 6 veker i året, trivst han godt i ein klasse som er positiv og fin. Han har aldri vore erta p.g.a CI. Dette er også noko vi forventar når han etterkvart orienterer seg mot det vaksne døvemiljøet. Vi har møtt nokre få vaksne døve som har ei spørjande og åpen haldning til CI. Dette set vi pris på.

«I min fars hus, er det mange rom», heiter det. Vi vonar og trur at slik er det også i døvemiljøet, og at det er opent for mennske med ulik bakgrunn og forutsetningar.

Det er sunt å ha ei kritisk vurdering til alt nytt, men vi lyt gje utviklinga ein sjanse til å prove sin nytte eller det motsettte. Det vil kanskje vere ein berikelse, og at ein ikkje let fordommar øydelegge for å utvide eit godt miljø.

Flekke 20. januar 1998
Anne Marit Sørebø og Gabriel Hovland